[PiN-diskusjon] Cory Doctorow og Veslebror ser deg (fwd)
Thomas Gramstad
thomas at efn.no
Tor 3. Sep 2009 21:04:21 CEST
---------- Forwarded message ----------
Date: Tue, 1 Sep 2009 20:37:42 +0200
From: Inger Stenersen <i.stenersen at samlaget.no>
Subject: Cory Doctorow og Veslebror ser deg
Samlaget inviterer til debatt om fildeling med bokaktuelle Cory Doctorow, ein av dei fremste tenkjarane når det gjeld internett og ny teknologi.
Litteraturhuset måndag 14. september kl 19 i Wergeland
Veslebror ser deg (Little Brother) vart i 2008 kåra til årets beste ungdomsbok av New York Times. Cory Doctorow er forfattar, bloggar og teknologiaktivist. Når han publiserer bøker gjer han dei samtidig gratis tilgjengeleg på nettet.
Doctorow er for fildeling, han er ein sterk motstander av DRM (Digital Rights Management), og han brukar Creative Commons. Er dette løysninga for bokbransjen? Vernar DRM forretningslivets interesser, tener det kunstnarens interesse? Kva med de kreative kunstnaranes vilkår? Er fildeling framtida? Som ein av dei fremste tenkjarane når det gjeld nett og ny teknologi kjem Doctorow med viktige innspel i norsk offentligheit.
Martin Grüner Larsen, journalist i Klassekampens Bokmagasin vil leie debatten.
Deltakarar:
· Eirik Newth - astrofysikar, foredragshaldar og forfattar
· Bjarne Buset - informasjonssjef i Gyldendal forlag
· Bente Karlsnes - har jobba som frilansjournalist og er no kommunikasjonsrådgivar i internettselskapet Origo.no
Meir om boka:
"Ein underhaldande thriller og gjennomtenkt polemikk om borgarettar i internett-tidsalderen. Herleg lesnad" New York Times
"Cory Doctorows roman kunne ikkje ha vore meir relevant, skremmande og augeopnande! Seriøst underhaldande" The Times
"Eg vil anbefale Veslebror ser deg framfor stort sett alle andre bøker eg har lese i år. Fordi eg trur denne boka kjem til å endre liv. Det er ei fantastisk og viktig bok". Neil Gaiman
Cory Doctorow: Veslebror ser deg
Årets ungdomsbok på norsk
Marcus Yallow er hackar og rollespelnerd, og ein som stadig tullar med overvakingssystemet på skolen der han går. Bay Bridge i San Francisco blir sprengd i lufta, og Marcus og vennene hans er på feil stad til feil tid. Dei blir pågripne av Tryggleiksdepartementet, som mistenkjer Marcus for å vere involvert i terroråtaket. Då startar den vanskelege kampen mellom David og Goliat: Kan Marcus og vennene vinne over styresmaktene?
Dette er ein spenningsroman som er vanskeleg å leggje frå seg, ein roman om den nære framtida, med trøkk og aktualitet. Då boka kom ut i USA våren 2008, gjekk ho rett inn på New York Times' bestseljarliste, og ho vart ved slutten av året halden fram som ein av dei aller beste romanane i 2008 av same avisa. Boka er til no seld til ei rekkje land.
.
Frå engelsk ved Øystein Vidnes.
Med beste helsing
Inger Stenersen
marknadskonsulent, skjønnlitteratur
Det Norske Samlaget
Tlf. nr. 22 70 78 42
Mobil 99 34 23 94
www.samlaget.no <http://www.samlaget.no/>
www.twitter.com/samlaget <http://www.twitter.com/samlaget>
P Before printing, think about the environment
Meld deg på Samlagets nyheitsbrev:
http://www.samlaget.no/nyheitsteneste.cfm <http://www.samlaget.no/nyheitsteneste.cfm>
More information about the pin-diskusjon
mailing list