[PiN-diskusjon] Datalagringsdirektivet

Lars-Henrik Michelsen lars-henrik at liberal.no
Man 29. Mai 2006 09:58:29 CEST


Ja, eg trur det er mogleg å hindre at datalagringsdirektivet blir
implementert. PIN bør argumentere med at dette ikkje er EØS-relevant (for
det ikkje handlar om den indre marknaden), og dermed bør Norge la vere med
å implementere direktivet. Rett og slett. Dersom EU meiner noko anna må
dei ta oss til EF-domstolen. 

Norsk motstand mot direktivet vil ikkje stå åleine. Irland og Slovakia var
dei landa som røysta imot direktivet (trur ikkje det var fleire) av samme
grunn. Dei meinte dette hadde med tryggleikspolitikk å gjere og dermed
ikkje EU-relevant. I følge [
http://globaltechforum.eiu.com/index.asp?layout=rich_story&doc_id=8612&categoryid=&channelid=&search=
]denne sida (som eg ikkje kjenner truverdet til) planlegg desse landa å ta
saka til domstolen. Er det nokon på denne lista som kunne følgt dette opp
og sett om det var riktig? 

Det som er heilt sikkert er dersom vi skal stoppe datalagrinsdirektivet
frå å bli norsk lov må ansvarlege politikarar føle eit press til å
engasjere seg. Dette presse eksisterar ikkje i dag, og så lenge ingen
problematiserer direktivet offentleg vil implementeringa skje med
autopilot. 

Så kva gjer vi i PIN? 

For å unngå at dette blir nok ein epostrunde kor alle har gode forslag men
ingen tid, foreslår eg at vi prøver først å finne ein dato for eit formelt
re-oppstartsmøte i PIN. Då kan vi formelt sette ned foreinginga. Dernest
bør vi diskutere PIN si rolle, kva saker vi skal arbeide med, korleis,
nettsider, arbeidsoppgåver, medlemsverving osv. osv.


Lars-Henrik




-------------- neste del --------------
Et HTML-vedlegg ble skilt ut...
URL: <http://personvern.no/pipermail/pin-diskusjon/attachments/20060529/f129389a/attachment.html>


More information about the pin-diskusjon mailing list